ORG
974483874 Fagopplæring Elektro
882758362 NHO Elektro Sogn og Fjordane
Firdavegen 6
6800 FØRDE
Concord
Å lære gjennom arbeid er en gamal og utprøvd måte å lære på, men ganske annleis enn å gå på skule. Denne forma for læring stiller andre og nye krav til deg. Mange vil oppleve at det er lettare og meir spennande å lære når en kan gjere det gjennom læring på arbeidsplassen. Det er mange som også brukar denne yrkesopplæringa som grunnlag for å utdanne seg vidare. Lærlingordninga føl retningslinjer som er fastsett i opplæringslova, i forskriftene til lova, i fagfornyinga og læreplanane.
Eit av krava du møter, er at du må gjere deg godt kjend med arbeidsplassen. Det gjev
deg bakgrunn for å forstå ditt eige fag og korleis ein arbeidsplass fungerer.
Det er kompetansemåla i læreplanen som er rammene for kva du skal lære i opplæringa. Les om kompetansemål i læreplanen, og spør instruktøren eller rettleiaren din om kva arbeidsoppgåver du treng, for å nå kompetansemåla.
Skriftleg dokumentasjon er heilt avgjerande for at du sjølv, bedrifta og opplæringskontoret skal ha kontroll med kva du lærer. Som lærling er det nødvendig at du jamleg dokumenterer for å vise kva du har jobba med, og kva du har lært. Når teiknar lærekontrakt med ei bedrift, medfører det rettar og plikter både for deg og bedrifta. Desse forpliktingane er i hovudsak regulert gjennom lover, forskrifter og tariffavtaler — enten det gjeld arbeidstid, lønn, sjukepengar, ferie eller feriepengar.
Vi håpar at du vil trivast som lærling i vår bransje, at du når målet ditt, og blir ein likandes fagarbeidar hos ei av våre elektrobedrifter.
Lukke til med læretida!
Bjarte Heggheim, dagleg leiar i Fagopplæring Elektro.
God kjennskap til arbeidsplassen din, gir deg nødvendig bakgrunn for
å forstå ditt eige fag, og innsikt i korleis ein arbeidsplass fungerer.
Bedriftas daglege leiar / instruktør gjev deg ei omvising, slik at du får ei oversikt over heile bedrifta. Internett, brosjyrar eller annan informasjon kan og være til god hjelp.
Lover og reglar som gjeld i bedrifter og i arbeidslivet, er gjerne ukjende for dei som kjem rett frå skulen. Difor er det ein viktig del av opplæringa at du gjer deg kjend med reglane i arbeidslivet, og at du er klar over at disse reglane gjeld lærlingar på lik linje med andre arbeidstakarar.
Møtet med reglar, normer og lover som gjeld i ei bedrift, kan være overraskande for den som
kjem rett frå skulebenken. I ein del bedrifter er det svært strenge reglar for sikkerheit. Det
kan for eksempel være krav til bruk av verneutstyr eller reglar om kvar det er tillate eller forbod om å bevege seg, og kva det er tillate å fortelje utanfor bedrifta. Andre reglar kan gjelde hygiene. Alle arbeidsplassar har avtaler og regler om arbeidstid og pausar. Slike skrivne lover og reglar skal gjennomgåast med lærlingar/lærekandidatar og nytilsette når dei startar i bedrifta. Det kan hende at reglar ikkje blir like godt ivaretatt av alle. Det kan skape problem, særleg for den som tar etter det andre gjer, utan sjølv å sette seg inn i reglane. Hugs difor at det er reglane som gjeld, ikkje kva andre gjer.
Alle miljøa har gjerne uskrivne reglar. Tenk på kva reglar du har møtt på skulen og i idrettslag,
klubbar og foreiningar som du har vore med i. Finn ut kva som er reglane på arbeidsplassen din.
Det kan være reglar som gjeld klede, frisyre, språkbruk og kven som skal uttale seg om forhold
knytt til arbeidsplassen.
Tenk igjennom desse momenta:
• Kva er det viktig eller mindre viktig for deg å holde fast ved av skikk og språkbruk?
• Kva bør du gjere for å tilpasse deg miljøet på arbeidsplassen?
• Korleis kan reglane som erfarne arbeidskollegaer føl, være viktige og verdifulle?
Tenk igjennom desse spørsmåla og drøft dei med andre. Då kan du ta stilling til arbeidsplassen sine
reglar på ein sjølvstendig måte. Be den faglege leiaren eller instruktøren/ rettleiaren din om å fortelje kva uskrivne regler han eller ho meiner er viktige.
Nokre bedrifter er etter arbeidsmiljølova pålagd å ha et arbeidsreglement. Arbeidsreglementet
skal utformast i tråd med dei formelle krava som arbeidsmiljølova set. Som lærling har du plikt til å følje reglementet på arbeidsplassen på lik linje med andre tilsette.
Ordensreglement
Ordensreglementet er reglar som trengs i bedrifta. Reglane vil gjerne være av omsyn til orden og
tryggleik på arbeidsplassen. Det er i utgangspunktet arbeidsgivaren som fastset ordensreglane. Dersom du ikkje held arbeidsreglementet og ordensreglane, kan det få konsekvensar. Som lærling har du plikt til å vise ansvar og å være punktleg og påliteleg overfor bedrifta.
Bedriftsleiinga har ansvar for å nå målsettinga for verksemda. For å realisere målsettinga, blir det stilt krav til alle medarbeidarane si evne til å samarbeide. Innanfor dei reglene som gjeld, har du som lærling eller lærekandidat plikt til å underordne deg arbeidsgivarens rett til å leie, fordele og
kontrollere. Grove brot på desse reglane kan føre til heving av lærekontrakta.
Styringsretten er retten til å leie, fordele og kontrollere. Kor langt denne retten går, vil
alltid vere basert på ei konkret vurdering. Bedrifta kan ikkje gjere eller bestemme noko som er i strid med lov eller tariffavtale. Bedrifta kan gje deg instruksar for å kunne følje opp korleis du utfører det daglege arbeidet. Arbeidsgivaren kan overføre deg til andre arbeidsoppgåver enn det som for eksempel er sett opp i opphaveleg opplæringsplan. Det er arbeidsgivaren som avgjer kva som til ei kvar tid er hensiktsmessig ut frå bedrifta sin arbeidstilgang og produksjon. Arbeidsgjevaren kan ha rimeleg interesse av å gjennomføre ulike former for kontroll overfor sine tilsette, for å sikre at arbeidstida blir helde, og for at det ikkje blir naska eller gjord underslag. Innanfor visse rammer kan arbeidsgjevaren utføre kontroll, for at slikt ikkje skal skje, men lovfesta reglar kan avgrense arbeidsgjevaren sin styringsrett.
Alle arbeidsforhold må være basert på samarbeid og tillit dersom det skal fungere tilfredsstillande. Eit læreforhold må bygge på gjensidig respekt og tillit mellom partane. En arbeidsgjevar kan krevje at du tek omsyn til bedrifta sine interesser. Det kan sette avgrensing for din handlingsfridom. Lærlingar må ikkje opptre i strid med arbeidsgjevaren sine interesser. Bedrifta skal for eksempel kunne stole på at forretningsløyndom ikkje blir fortald videre til andre. Det kan være brot på lojalitetsplikta dersom du saboterer de avgjerslene som blir tekne, eller opptrer slik at konkurranseevna til bedrifta blir svekka.
Rett og plikt til opplæring og arbeid føl i utgangspunktet med den enkelte lærekontrakt. Det er læreplanen som er ramma for omfanget av arbeidsplikta. Hovudregelen er at du som lærling ikkje er forplikta til å utføre anna arbeid enn det som føl av læreplanen. Dette vil seie, det som er vanleg for den aktuelle typen arbeid. Men ved ekstraordinære omstende, for eksempel akutt forfall pga. sjukdom, må du finne deg i å utføre andre arbeidsoppgåver.
Du er sjølv en viktig del av bedrifta sitt arbeidsmiljø. Etter kvart blir det også ditt ansvar å være med å skape eit godt og triveleg arbeidsmiljø. Ein del av opplæringa er at du tenkjer igjennom dine eigne haldningar til arbeidsplassen og kollegane, og korleis du kan påverke arbeidsmiljøet ditt på ein positiv måte.
Hovudformålet med arbeidsmiljølova er å oppnå et fullt forsvarleg arbeidsmiljø. Det gjeld både det psykiske og fysiske arbeidsmiljøet. For eksempel blir det stilt krav om at du som arbeidstakar ikkje skal utsettast for uheldig fysisk eller psykisk belastning. Det kan ikkje avtalast noko som er i strid med lova. Dette prinsippet kallast ufråvikeleg. Arbeidsmiljølova har bestemmelsar som klart avgrensar nattarbeid for ungdom under 18 år. –Arbeidsmiljølova
I mange yrke er måten å oppføre seg på ein del av sjølve produktet eller tenestene.
Det er nødvendig med positive haldningar til samarbeid hos dei vi skal gjere en jobb saman med. Som lærling eller lærekandidat representerer du opplæringsbedrifta di. Ofte blir verksemda vurdert ut frå den måten du løyser arbeidsoppgåvene på, korleis du oppfører deg, og korleis du ser ut.
I bedrifta lærer du gjennom dei arbeidsoppgåvene du blir sett til å utføre. Den viktigaste støttespelaren din på arbeidsplassen er instruktøren eller rettleiaren. Men etter kvart vil du og oppdage at du lærer atskilleg gjennom samarbeid, samtaler og drøftingar med kollegaer.
Instruksjon frå fagpersonar vil gje deg ein første grunnleggande innføring. Etter kvart som du får meir oversikt over heilheita i bedrifta, vil du oppdage samanhengar mellom det du arbeider med, og det andre gjer. Slik vil du sjå kor viktig samspelet og samarbeidet er. Som du forstår, ligg det andre moglegheiter i å lære ved å gjere, enn ved å høyre og lese.
Korleis du lærer, er avhengig av den læreplassen du har valt, og det yrket du utdannar
deg til. Her nemner vi nokre ulike situasjonar der du lære:
• Du arbeider saman med andre og ser korleis dei løyser sine arbeidsoppgåver.
• Du finn fram utstyr og hjelpemidlar som du trenger i arbeidet.
• Du øver deg heile tida, og etter kvart beherskar du bruken av verktøy, maskiner eller anna utstyr.
• Du skaffar deg opplysningar om ei arbeidsoppgåve ved å ta kontakt med andre.
• Du gjer noko med materialar eller med råvarer.
• Du lagar eit ferdig produkt ut frå teikningar.
• Du passar på hygiene eller di eiga og andre si sikkerheit når du arbeider.
• Du sørger for vedlikehald av utstyr, verktøy, hjelpemidlar og maskiner.
I all læring er det viktig at du tenkjer på:
• korleis du samarbeider med instruktøren/ rettleiaren og andre
• korleis du bruker verktøy og utstyr, korleis kvaliteten på det du gjer, kan ha betydning for sikkerheit, service og omdømme for bedrifta
• korleis er kvaliteten på produktet ditt
• kva som er viktig å lære og beherske for å bli en fullgod fagperson
• Skriv det du lærer digitalt eller i ei notisbok så ofte du kan. Vær ikkje redd for å be instruktøren eller rettleiaren om å gje deg tilbakemelding på korleis andre opplever deg mens du arbeider. Drøft dette spesielt når du har rettleiingssamtalar.
Det er læreplanen for faget ditt saman med den overordna del som fastset kva du skal lære. Kompetansemåla, er grunnlaget for vurdering og rettleiing undervegs, og for det du skal testast i når du tek den avsluttande prøven. Når du startar i lære, skal du få utdelt læreplanen for faget.
«Kompetanse er å kunne tilegne seg og anvende kunnskaper og ferdigheter til å mestre utfordringer og løse oppgaver i kjente og ukjente samanhengar og situasjonar. Kompetanse inneberer forståelse og evne til refleksjon og kritisk tenkning.» (Kunnskapsdepartementet 2015—2016,s . 28)
Overordna del tydeleggjer skulen og lærebedrifta sitt ansvar for danning og for at alle deltakarar i grunnopplæringa utviklar kompetanse.
Alle som arbeider i grunnopplæringa, må la dette grunnsynet prege planlegginga, gjennomføringa og utviklinga av opplæringa.
Overordna del er integrert i de fagspesifikke læreplanane og skal prege opplæringskvardagen.
Opplæringa i skule og bedrift skal vere prega av dei felles verdiane som dannar grunnlaget for
demokratiet vårt, som byggjer på kristen og humanistisk arv og tradisjon, og som er forankra i menneskerettane.
Desse verdiane skal prege opplæringa og samarbeidet mellom læraren og elevar, instruktørar og lærlingar.
Verdigrunnlaget er delt inn i seks hovudpunkt:
«Skolen skal sørge for at menneskeverdet og de verdiane som støtter opp om det, legges til grunn for opplæringa og hele virksomheten.»
«Skolen skal gi elevene historisk og kulturell innsikt og forankring, og bidra til at hver elev kan ivareta
og utvikle sin identitet i et inkluderende og mangfoldig fellesskap.»
«Skolene skal bidra til at elevene blir nysgjerrige og stiller spørsmål, utviklar vitenskapelig og kritisk tenkning og handler med etisk bevissthet.»
«Skolen skal la elevene utfolde skaperglede, engasjement og utforskertrang, og la dem få
erfaring med å se moglegheiter og omsette ideer til handling.»
«Skolen skal bidra til at elevane utviklar naturglede, respekt for naturen og klima- og
miljøbevissthet.»
«Skolen skal gi elevene mulighet til å medvirke og til å lære hva demokrati betyr i praksis.»
Danning er sterkt vektlagt i overordna del av læreplanen. Skulen og bedrifta skal både
utdanne elevane til et yrke og bidra til at dei utviklar danning. Danning kan være vanskeleg å definere, då det blir brukt om ulike ting. Den overordna delen av læreplanen knyter omgrepet til det å delta i og bidra til fellesskapet. I eit yrke og yrkesutøving, kan det og være å utvikle evne og praksis for å bidra til et godt arbeidsmiljø, til faglege diskusjonar og til ei berekraftig fagutvikling.
«Grunnopplæringa er ein viktig del av ein livslang danningsprosess. Denne har som mål at enkeltmennesket skal ha fridom, sjølvstende, vere ansvarleg og vere eit godt medmenneske». Utvikling av personleg kompetanse er og ein viktig del av danningsprosessen. Det skal gje elevane sjølvinnsikt og eit godt utgangspunkt for å delta i utdanning, arbeids- og samfunnsliv.
Denne delen av planen har fem hovudpunkt:
«Skolen skal støtte og bidra til elevenes sosiale læring og utvikling gjennom arbeid med fagene og i
skoledagen for øvrig.»
«Skolen skal se opplæringa i fag i lys av de verdiane og prinsippene som hele opplæringa bygger på.»
«l opplæringa skal det legges til rette for elevenes og lærlingenes utvikling av fem grunnleggande
ferdigheter: lesing, skriving, regning, munnlege ferdigheter og digitale ferdigheter. De grunnleggande
ferdighetene er del av den faglege kompetansen i alle fag og nødvendige redskaper
for læring og fagleg forståelse.»
«Skolen skal bidra til at elev_ene reflekterer over sin egen læring, forstår sine egne læringsprosesser og tilegner seg kunnskap på eget vis.»
«l opplæringa skal det legges til rette for læring innanfor de tre tverrfaglige temaene folkehelse og livsmestring, demokrati og medborgerskap og bære. kraftig utvikling.»
Innleiinga i dette kapittelet samanfattar prinsippa for skulen sin praksis på denne måten:
«Skulen skal møte elevane med tillit, respekt og krav, og de skal få utfordringar som fremjer
danning og lærelyst. For å lukkast med dette må skulen byggje eit godt læringsmiljø og tilpasse undervisninga i samarbeid med elevane og heimen.
Prinsippa blir delte inn i fem hovudpunkt:
«Skolen skal utvikle inkluderende fellesskap som fremmer helse, trivsel og læring for alle.»
«Skolen skal legge til rette for læring for alle elever og stimulere den enkeltes motivasjon, lærelyst
og tro på egen mestring.»
«Opplæringen skal skje i samarbeid og forståelse med hjemmet og samarbeidet skal’ bidra til styrke
elevenes læring og utvikling.»
«Opplæring i lærebedrift og arbeidsliv skal gi praktisk erfaring og relevant kompetanse, og
forberede på de faglege kravene og forventningene som stilles i arbeidslivet.»
«Skolen skal være et profesjonsfaglig fellesskap der lærere, ledere og andre ansatte
reflekterer over felles verdiar, og vurderer og videreutvikler sin praksis.»
Den overordna delen av læreplanen understrekar likskapen mellom arbeidsliv og skule
som læringsarena og betydninga av samarbeid mellom skole og bedrift
I lenkjene under kan du lese om dei konkrete kompetansemåla i den læreplanen for yrket du skal ta fagbrev.
Elektrikarfaget
Energimontørfaget
Telekomfaget
Datalektronikarfaget
Automatiseringsfaget
IT-driftsfaget
Tavlemontørfaget
Ventilajsonsteknikkfaget
Dersom du allereie er lærling finn du læretida di og krav til eksamen i lærekontrakta di, ved å logge inn på vigo.no.
Dei forskjellige utdanningsløpa kan variere i lengde og innhald.
Eksempelvis:
Tavlemontørfaget har 2 år i skule og to år i lære = 2+2
Elektrikarfaget, Energimontørfaget, Energioperatørfaget og Telekommunikasjonsmontørfaget er
2 år i skule og 2,5år i lære = 2+2,5
Automatiseringsfaget og Dataelektronikkfaget er 3 år i skule og 1,5år i lære = 3+1,5
Alternative opplæringsløp
Dersom ein ønsker å gå ut i lære tidlegare enn normalløpet, kan ein avtale dette med ei lærebedrift.
Den totale lengda på opplæringsløpet er lik.
Eksempel: ein dataelektronikar begynner læretida si etter fullført VG2, og går ei læretid på 2,5år.
Eksamen
Alt etter kva utdanningsløp du kjem inn under kan det vere ulike delar teoriundervisning som du må delta på, og eksamen som må takast.
Dei fleste utdanningsvegane i elektrofaga har krav om bestått VG2 og VG3 eksamen i programfag. Desse bakast inn i læretida di dersom du ikkje har tatt dei i skulen.
Dersom du eksempelvis ikkje har fellesfaga, må du følgje undervisning og eventuelt ta eksamen i desse faga. Dette då kjem i tillegg til programfaga.
Vaksne
Ein vaksen kan bli lærling. Då vil læretida vare like lenge som opplæringsløpet i skule, eksempel: Elektrikarfaget 4,5år.
Dersom ein har tidlegare praksis, relevant kompetanse eller anna utdanning kan det gi fråtrekk i læretida.
Eksempel: Ein energimontør blir elektrikarlærling i 1,5år + krav om bestått VG3 eksamen.
Eksempel: Ein tømrar blir elektrikarlærling i 4år + krav om bestått VG2 og VG3 eksamen.
Fagopplæring Elektro er eit samarbeidsorgan som har det administrative ansvaret for gjennomføring av opplæringa av lærlingar i samarbeid med bedrifta.
Vi er bindeleddet mellom kvar enkelt lærebedrift og fagopplæringa i Fylkeskommunen, og er eigd av NHO Elektro medlemmane i Sogn og Fjordane.
Kontakt oss.
Når du startar som lærling, er det mange bestemmelsar som skal føljast, både av deg, av bedrifta, og samarbeidsorganet. Det er viktig at du set deg inn i dei bestemmelsane som du kan lese om her, og at du er klar kva av rettar og plikter du har.
Det er opplæringslova med forskrifter, som regulerer sjølve læreforholdet. Lova set rammene for kva som blir kravd for å bli lærling, kor lang læretida skal være, krav for å bestå fag- eller sveineprøva, og korleis lærlingordninga skal administrerast. I tillegg er både bedrifta og dine plikter og rettar som lærling omtala i lova.
Lærekontrakt skal teiknast når læreforholdet startar. Det skal gå fram av kontrakten kven som har ansvaret for de ulike delane av opplæringa di. Som alle andre tilsette i ei bedrift skal du ha ei arbeidsavtale. Lærekontrakten eller opplæringskontrakten skal også vise til den eller dei arbeidsavtalene du har. For at lærekontrakta skal være gyldig, må den godkjennast av fylkeskommunen. Kontrakta startar å gjelde frå det tidspunktet læreforholdet tek til. Den er det rettslege, forpliktande grunnlaget for opplæringa. Kontrakten er ei avtale mellom lærebedrifta og deg som lærling.
• Signere lærekontrakt med Fagopplæring Elektro etter avtale med lærebedrift.
• Læretida startar i lærebedrifta, bli kjend med arbeidskvardagen og kollegaer.
• Oppstartssamtale med Fagopplæring Elektro og fagleg leiar i lærebedrifta.
• Loggføring –Praksislogg på https://praksis.elskolen.no/
• Invitasjon kjem til Kick-Off Samling i november etter oppstart.
Det er bedrifta som føl opp lærlingen, som legg til rette for at lærlingen meistrar overgangen frå elev til arbeidstakar!
Du må gjennom heile læretida føre praksislogg. Kravet vi stiller er minimun 500 timar i halvåret for å kunne ta fagprøva.
Før praksislogg kvar dag og lagre jobbseddelen. Send inn etter avtale med fagleg leiar, seinast kvar 14.dag.
• Før inn arbeidsoppgåvene du gjer på jobb.
• Fordel timane godt ut over lista med praksiselement.
• Utfylte jobbsetlar vert godkjent/avvist av instruktør, og instruktøren kan gi tilbakemeldingar til lærlingen.
• Du, lærebedrifta og Fagopplæring Elektro har oversikt over loggføringa di. Slik sikrar vi at du kjem igjennom læreplanen din før fagprøva.
NB! Praksisloggen erstattar IKKJE timelistene som bedrifta har.
Teoriåret- Hovudfokus er å tileigne seg restteorien for faget.
Løyse oppgåver på nett, (eLæring) nettlærar vil vere hovudkontakten dette året.
Dersom du treng det, har du rett på å disponere ein dag i veka til oppgåveløysing på www.elskolen.no
Dette gjeld kun i den perioden du har undervisning. Dersom du har behov for meir tid må du gjere dette på fritida.
Antal: 5-8 teorisamlingar
Lengd: 2 dagar
Stad: Eid vgs, Campus verftet Førde og Sogndal vgs, «vite meir» Kaupanger Innkalling til samlinga blir sendt ut frå opplæringskontoret.
Første teorisamling:
• Kome i gong med eLærling og å få inn gode arbeidsrutinar når det gjeld å løyse oppgåvene.
• Teori fram mot neste samling vert gjennomgått.
I dei påfølgande samlingane vert det gitt tilbakemelding på korleis klassen har forstått/makta oppgåvene som skulle løysast.
I mai/juni når du er ferdig med teoriåret.
Du har som lærling ansvar for å melde deg opp til eksamen på https://privatist.inschool.visma.no/
Læraren går igjennom på ei av samlingane korleis du skal gå fram.
Våreksamen: Fra 15. januar kl. 00:00 til 1. februar kl. 23:55
Hausteksamen: Fra 1. september kl. 00:00 til 15. september kl. 23:55
Dersom du stryk på eksamen kan du gå opp til ny eksamen påfølgande haust.
Så snart du er ferdig med eksamen og har bestått, er fagprøva neste mål. Opplæringskontoret melder deg opp til fagprøva 4.mnd før læretida er ute. Du må vere førebudd på at du kan måtte gå opp til fagprøven i løpet av dei tre siste månadane av læretida.
Men hugs! Du får ikkje får starte på fagprøven før du er klar, og har alle timane som er kravet for dokumentasjon av opplæringa (praksisloggen). Opplæringskontoret vil søkje om utviding av læretida om ikkje dette er på plass.
• Førebu deg til fagprøva!
• Få kontroll over lite eller manglande praksis.
• Jobb aktivt med å styrke dei fagfelta du er svak på både i praksis og teori.
De vert invitert til fagprøvesamlinga i siste halvår.
• Representant frå fagprøvenemnda kjem
• Kva skal skje på fagprøva
• Råd til førebuing
• Skrive kontrakt med lærlingen og sende den til fylkeskommunen for godkjenning
• Syte for å tilby, og legge til rette for nødvendig teoriundervisning,
• Syte for at lærlingen får delta, og deltek, på pålagd teoriundervisning, introduksjon -og fagsamlingar.
• Føre tilsyn med at opplæringa er tilfredsstillande og at læreplanane vert følgd.
• Følgje opp dei til ei kvar tid gjeldande vilkår i samband med lærlingordninga og at dei vert følgd opp av både lærling og lærebedrift.
• Melde lærlingen opp til fagprøve 4.mnd før læretida er ute.
• Fordele opplæringstilskot etter vedtak gjort av årsmøtet i Fagopplæring Elektro.
• Gje opplæring i samsvar med læreplan og Opplæringslova, og delta i rullering av lærling med anna medlemsbedrift for å utfylle praksis
• Arbeidsgjevaransvar for lærlingen i den avtalte opplæringstida
• Lønne lærlingen etter gjeldande tariffavtale.
• Gje lærlingen fri for å delta på undervisning og lærlingsamlingar som samarbeidsorganet held. Dessutan legge til rette for at lærlingen får arbeide med teori dei dagane som undervisinga krev.
• Syte for opplæring i HMS og gjeldande regelverk knytt til arbeidstryggleik i gjeldande fag jamfør krav i regelverk og læreplan.
• Syte for at jobbsedlar vert korrekt utfylt, kontrollert (attestert) og at lærlingen har minimum 500 timar per halvår.
• Gjennomføre halvårsvurdering/ evaluering av lærlingen via elskolen.no
• Informere Fagopplæring Elektro ved problem eller avbrot i opplæringa (permittering, lengre sjukmeldingar, konfliktar/ tilpassingsbehov i læreforholdet)
• Legge til rette opplæringa for den einskilde lærling og syte for eit godt læringsmiljø
• Følgje dei til kvar tid gjeldande vilkår om lærekontrakter og lærlingordning.
• Legge til rette for at lærlingen kan delta på enkle oppdrag for rekruttering til faget/bransjen.
Dersom det av læremessige årsaker ikkje er mogeleg å tilfredstille måla i læreplanen kan det vere aktuelt å bytte til ei anna bedrift for ein periode.
Lærebedrifta har ansvar for å følgje opp lærlingen både fagleg og sosialt. Lærebedrifta har ein eller fleire faglege leiarar som har hovudansvar for at lærlingen får opplæring etter opplæringslova. Dette inneber å sikre at opplæringa er i tråd med læreplanen for faget.
Våre lærebedrifter er medlem i Fagopplæring Elektro som støttar lærebedrifta i å oppfylle alle dei lovpålagde krava til opplæringa.
Kvar lærebedrift skal ha ein eller fleire instruktørar som står for opplæringa av lærlingane. I nokre verksemder hender det at instruktør, fagleg leiar og dagleg leiar er same personen. Instruktøren er den personen som har ansvar for lærlingen i det praktiske arbeidet, og gjev opplæring i ein kvar arbeidssituasjon, som oftast ein fagperson, men det kan og være ein annan lærling.
– Møte presis og vere førebudd til både arbeid og teoriundervisning.
– Ta i mot og følgje opp den opplæringa som vert gjeve. Gje melding til den du får opplæring frå om det er noko du ikkje forstår.
– Rette seg etter retningslinjer sette av arbeidsgjevar, og i lover og forskrifter.
– Føre praksislogg minimum 500t/halvår og førebu seg på halvårsamtale.
– Halde kontroll med eiga opplæring gjennom å bruke internopplæringsplan/praksisloggen.
– Bidra til eit godt arbeidsmiljø og vere inkluderande overfor andre uansett, kjønn, legning, religion, etnisitet eller handikap.
Hensikten med vurdering er å:
• informere deg, føresette, instruktøren/ rettleiar og opplæringsstaden om kor langt du er komen i arbeidet med læringsmåla og i utvikling av ein bestemt kompetanse
• rettleie, motivere og utvikle deg som lærling
• motivere instruktøren/rettleiar til å vurdere sin eigen opplæringsmåte
• informere samfunnet, arbeidslivet og høgare utdanningsinstitusjonar om den kompetansen du har nådd.
Undervegs i opplæringa skal lærebedrifta gi deg vurdering utan karakter. Undervegs vurdering skal:
• brukast som et reiskap i læreprosessen
• danne grunnlag for tilpassa opplæring
• bidra til at du aukar kompetansen din i faget
Undervegs vurdering skal gjevast løpande og systematisk, som skriftlege eller munnlege meldingar. Meldingane skal gje deg informasjon om kva kompetanse du har, og rettleiing om korleis du kan auke kompetansen din i faget. Det skal kunne dokumenterast at undervegs vurdering er gjeve, dette får du som ein del av praksisloggen.
Som en del av undervegs vurdering har du minst ein gong kvart halvår, rett til ei samtale med instruktøren din om di utvikling i forhold til kompetansemåla i faget. Normalt er samtalene i desember/januar og juni/august. Du vil få tilsendt ei påminning frå elskolen.no når halvårsamtala er sett opp. Du vil då måtte førebu deg ved å svare i eit skjema på nokre spørsmål. Du må då svare så godt du kan på spørsmåla som omhandlar overordna del i læreplanen og fagleg status og utvikling.
Som en del av undervegs vurdering skal du som er lærling eller lærekandidat delta aktivt i vurderinga av:
• ditt eige arbeid
• din eigen kompetanse
• di eiga faglege utvikling
I heile læretida skal du handle etter desse fire kriteria når du jobbar:
• Planlegging
• Gjennomføring
• Eigenvurdering
• Dokumentasjon
Hugs! På fagprøven vil du bli målt etter desse vurderingskriteria ovanfor som speglar kvardagen til ein fagperson.
Ved opplæringstidas slutt utarbeider prøvenemnda ei fag- eller sveineprøve med utgangspunkt i arbeidsoppgåver og kompetansemåla i læreplanen for faget for deg som er lærling.
Automatiseringsfaget
Datalektronikarfaget
Elektrikarfaget
Energimontørfaget
Energioperatørfaget
IT-driftsfaget
Tavlemontørfaget
Telekommunikasjonsmontørfaget
Ventilasjonsteknikkfaget
• få skriftleg og munnleg informasjon og rettleiing frå bedrifta/instruktøren/rettleiaren undervegs i opplæringa, i forhold til dei faglege måla og dei overordna måla for opplæringa
• få ei avtala vurderingssamtale med instruktøren/ rettleiaren minst ein gong kvart halvår
• få god nok informasjon til å kunne delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa
• bli gjort kjent med retningslinjer for korleis fagprøva blir gjennomført og vurdert
Ved opplæring i bedrift blir det gjeve berre karakterar ved fagprøven for lærlingar.
Her er det ein en tredelt karakterskala:
• «Bestått mykje godt»
• «Bestått»
• «Ikkje bestått»
Vitnemål blir utskrive når du har bestått alle fag i opplæringa og fagprøva.
I tillegg får du fagbrev.
Kompetansebevis nyttast og for å dokumentere gjennomført opplæring når fag eller
sveineprøven ikkje er bestått.
• Som lærling kan du gå opp til fagprøve eller sveineprøve sjølv om opp til to av fellesfaga ikkje er bestått. Faga må derimot være bestått innan to år for at du skal få utskrive fag- eller sveinebrev
• Du kan søkje om dispensasjon frå regelen om bestått i inntil to fellesfag dersom du
tidlegare har vært fritatt for vurdering med karakter eller har dokumenterte spesifikke lærevanskar, som for eksempel store lese og skrivevanskar eller matematikkvanskar.
• Etter nærmare regler kan du søkje om å få godkjent fag dersom du har likeverdig eller høgare utdanning i faget.
• Som lærling eller lærekandidat kan du levere skriftleg klage til fylkeskommunen dersom du ikkje har bestått fag- eller sveineprøven. Du kan klage både på formelle feil ved avviklinga av prøven og på den faglege vurderinga.
Dei som arbeidar med fagopplæring i fylket ditt kan hjelpe deg her. Klagen leverast innan tre veker etter at du er gjort kjend med resultatet.
• Resultatet av klagebehandlinga kan føre til at:
– klagen blir avvist, og du må sølv melde deg opp til ny prøve
– prøveresultatet blir annullert, og du må gjennomføre ny prøve etter nærmare beskjed frå fylkeskommunen
– du får medhald, og karakteren hevast til «Bestått»
For å få gå opp til utsett fag-/sveineprøve, kompetanseprøve eller utsett eksamen dersom du har gyldig dokumentasjon for fråvær gå opp til ny prøve dersom du ikkje består fagprøven, sveineprøven, kompetanseprøven eller eksamen.
I arbeidslivet møtast bedrifta sine krav og dine ønskjer og behov. Her kan det ofte være motstridande interesser. For deg er det kanskje første gong du møter krava i arbeidslivet. Difor er det viktig at bedrifta opplyser om dei reglene som gjelder på arbeidsplassen, slik at du raskt kan bli kjent med dei generelle reglane i arbeidslivet, med arbeidsreglementet på arbeidsstaden og med oppgåvene og rutinane i bedrifta. Bedrifta skal sikre at du får opplæring i arbeidsreglementet. Det er avgjerande for at du skal kunne forstå kvifor det er viktig å overhalde reglene som er fastsett. Bedrifta pliktar å informere deg om retten til eigenmelding ved sjukdom og om konsekvensane av eit eventuelt brot på disse bestemmelsane. Arbeidsmiljølova gjelder og for deg som lærling, med unntak av at det er spesielle regler for lærlingar om stillingsvern, om prøvetid og om opphøyr av kontrakt. Her er det opplæringslova og ikkje arbeidsmiljøloven som regulerer forholdet. Det betyr blant anna at arbeidsavtala ikkje kan seiast opp utan at lærekontrakta også blir heva.
Opplæringskontoret og fylkeskommunen skal ha beskjed om alle endring som har betydning for læreforholdet. Det kan være forhold hos deg som lærling som fører til større endringar, eller det kan være lengre avbrot i læretida på grunn av svangerskap eller sjukdom. Det kan også være forhold i bedrifta, for eksempel driftsstans, skifte av fagleg leiar eller andre sider ved bedrifta si utvikling som gjer at den ikkje kan oppfylle dei formelle krava til å være godkjend lærebedrift.
Du får lønn berre for verdiskapingsdelen, men denne vil som oftast overlappe opplæringsdelen slik at løna di blir fordelt normalt over 2,5 år.
5. halvår: 35 % av fagarbeidarløn
6. halvår: 40 % av fagarbeidarløn
7. halvår: 50 % av fagarbeidarløn
8. halvår: 55 % av fagarbeidarløn
9. halvår: 75 % av fagarbeidarløn
Lønssatsane for elektrofaga:
Landsoverenskomsten for elektrofag
Så snart du har inngått ei godkjent lærekontrakt/ opplæringskontrakt, kan du søkje stipend
og lån i Lånekassen via vigo.no på lanekassen.no. Du må logge inn med MinID (som ved søknad om læreplass).
Lenkje til lånekassen.
På lanekassen.no finn du all informasjon om stipend og lån til utdanning i Norge og utlandet. Der kan du og prøve Lånekassen sin støttekalkulator for å regne ut kor mykje du kan få i stipend og lån.
Som lærling eller lærekandidat er du arbeidstakar. Du har derfor rett til ferie på same måte som andre arbeidstakarar. Feriepengar er vederlag for arbeid, og er dermed ein del av løna. Kva ein lærling eller lærekandidat har rett på av ferie og ferielønn, er regulert i ferielova. Det kan i tillegg være regulert i tariffavtale. Retten til å få feriepengar er avhengig av at du har den nødvendige oppteninga. Oppteninga skjer i kalenderåret før ferieåret.
Dersom du ikkje har opptent full rett til feriepengar, kan du enten ta ferie i forhold til kor stor del du har opptent, eller du kan ta ut full ferie, men utan feriepengar for den
tiden du ikkje har opptent feriepengar for. Ferielova inneheld reglar om korleis dette skal skje. Bedrifta har rett til å bestemme når ferien kan takast ut, innanfor dei rammene lova set.
Arbeidsmiljøloven regulerer den alminnelege arbeidstidas lengde og mogelegheita til å arbeide overtid. Overtid må ikkje brukast som et fast tillegg til den alminnelege arbeidstida. Det skal som hovudregel ikkje være planlagt overtid, og overtid kan berre nyttast i særlege tilfelle. Dersom det eksisterer ei gjeldande tariffavtale, er det den som regulerer arbeidstidas lengde, bruken av overtid og løna. Arbeidsgivaren har ansvar for at arbeidstidsbestemmelsane blir heldne. Du har rett og plikt til å nekte å medverke til brot på desse bestemmelsane.
Ved sjukdom gjeld sjukelønsordninga i folketrygdlova. Det inneberer at du har krav på lønn under sjukdom ettersame reglar som andre arbeidstakarar. Dersom bedrifta søkjer om å få heve kontrakt på grunn av at du er sjuk, eller under sjukefråværet, har du det same vernet som andre arbeidstakarar. Arbeidsgjevaren har ei streng bevisbyrde når det gjeld grunnlaget for å oppheve ei lærekontrakt, og sjukdom er ingen grunn til å heve ei kontrakt. Ved langvarig sjukdom kan situasjonen utvikle seg slik at det ikkje vil være grunnlag for å fortsette læreforholdet, fordi det ikkje er mogleg for bedrifta å gje opplæring.
Lærlingar og lærekandidatar som blir gravide i læretida, har rett til svangerskapspermisjon.
Bedrifta pliktar å orientere fylkeskommunen om slik permisjon. Du har krav på løn i permisjonstida etter de same reglene som gjelder for andre arbeidstakarar. Det er forbode å seie opp ein lærling eller lærekandidat på grunn av graviditet. Dersom bedrifta ønskjer å heve kontrakta under graviditeten, kan den berre gjere det dersom ein kan bevise at den kunne ha gjort det også om du ikkje var gravid. Under permisjon i forbindelse med en fødsel kan ikkje bedrifta heve kontrakten med verknad i avbrotsperioden.
Du kan ha rett på foreldrestipend frå lånekassen. Les meir her.
Les meir om dine rettigheter hos Nav her.
Bedrifta skal etter denne bestemmelsen forsøke å drive opplæring på vanlig måte. Dersom streiken medfører at dette ikkje er mogleg, så kan lærlingar permitterast med minst 7 dagar varsel. Dersom bedrifta veit allereie før streiken blir sett i gong at dei ikkje vil klare å holde lærlingene i aktivitet, kan det sendast ut eit betinga permitteringsvarsel med 7 dagars frist.
Om du som lærling bli kalla inn til førstegongsteneste, så kan du søkje om utsetting av førstegongstenesta. Dersom ikkje dette blir innvilga kan du søke om permisjon frå læretida.
Permisjonen må godkjennast av fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda og lærlingen sin arbeidsgjevar.
Du har den same retten til å få fri for å drive organisasjonsarbeid som de andre arbeidstakarane i bedrifta. Tariffavtalene har nærmare reglar for dette. Fagforeiningane har ei viktig oppgåve på arbeidsplassen. Du kan være med på å påverke bedrifta du jobbar i dersom du organiserer deg i ei fagforeining.
Dersom du ønskjer å organisere deg i en fagforeining, kan du kontakte tillitsvalte i bedrifta, eller du kan ringe LO eller YS. Særleg i større bedrifter er det vanlig at lærlingane melder seg inn i fagforeininga.
Eit brot på arbeidsreglementet, arbeidstidsreglane eller liknande kan være av ein slik art at det er snakk om vesentleg mislighald frå di side. Det vil alltid være ein glidande overgang for kva som vert tolerert, og kva som ikkje er akseptabelt. Her må det gjerast ei skjønns messig vurdering av kva som er rimeleg. Arbeidsgivaren må forsikre seg om at du som lærling eller lærekandidat har forstått konsekvensane av for eksempel å bryte arbeidsreglementet. Difor er det viktig at informasjon om arbeidsreglementet og bestemmelsane om arbeidstid er ein del av opplæringa.
Typiske tilfelle som kan bli betrakta som vesentleg misleghald:
• ordrenekt
• brot på taushetsplikt
• konkurranse med arbeidsgivaren
• alkohol- og stoffmisbruk i arbeidstida
• straffbare handlingar (fengselsopphold)
• gjentatte ordensforstyrrelsar
• ulovleg fråvær, manglande melding om
• fråvær og for seint frammøte
Før bedrifta krev at lærekontrakten kan hevast på grunn av slike forhold som er nemnt
ovanfor, skal du ha fått varsel, slik at du har anledning til å forandre veremåte. Informasjonen må gjevast på en slik måte at du forstår konsekvensane av handlingane, og bedrifta må forvisse seg om at du har oppfatta konsekvensane av åtvaringa.
• bedrifta bryt føresetnaden for å være ei godkjend lærebedrift
• bedrifta ikkje gjev den opplæringa du har krav på ifølge måla i læreplanen
• bedrifta ikkje føl deg opp slik den skal etter lova, for eksempel gjennom vurderingssamtaler og skriftleg tilbakemelding
• du seier frå skriftleg om at det vil være en urimeleg ulempe for deg å være ut kontraktstida.
Spørsmålet om det har vore vesentleg mislighald frå bedrifta side, vil alltid bli vurdert
konkret i kvart enkelt tilfelle.
• at ei anna bedrift har morosamare oppgåver
• at andre bedrifter gjev betre løn
• at du som lærling eller lærekandidat kanskje kan få betre opplæring ein annan stad. Skal kontrakten kunne hevast på grunn av forhold knytt til opplæringa, skal opplæringa vurderast etter de kriteria lova set, ikkje ved å samanlikne med ei anna bedrift.
• Søknaden om å få heve kontrakten skal være skriftleg. Du har rett til å uttale deg munnleg før avgjersla blir tatt.
• Når det blir gjort vedtak om å heve kontrakten etter krav frå lærebedrifta, får du
behalde retten til vidaregåande opplæring dersom ikkje fylkeskommunen vedtek noko anna.
• Dersom du sjølv hevar lærekontrakt, fell retten til vidaregåande opplæring bort dersom ikkje fylkeskommunen vedtek noko anna.
• Når berre den eine parten søkjer om å få heve kontrakta, må kravet dokumenterast.
• Saken blir avgjort av fylkeskommunen, som bestemmer når læreforholdet skal ta slutt.
Bedrifta kan ikkje på eiga hand gje deg avskjed eller seie deg opp. Det skal alltid sendast søknad til fylkeskommunen dersom det ikkje er semje.
• Er du og bedrifta samde om å heve kontrakten, kan du slutte når du og bedrifta ønskjer det innanfor oppseiingstida.
Dersom du ønsker å fortsette i lærebedrifta etter at læretida er ute, må det opprettast ei
ny arbeidsavtale. Dette forholdet vil være regulert av gjeldande lover og tariffavtaler på området.
Rettleiingstenesta skal gje elevar, lærlingar, lærekandidatar, ungdom og vaksne tilgang til aktuelle fagtenester i sine læringsmiljø. Tenesta omfattar pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), oppfølging av lærlingar, lærekandidatar og lærebedrifter og rettleiing i vidaregåande opplæring for vaksne.
Rettleiingstenesta skal samarbeide med skular, arbeidsliv, offentlege instansar, opplæringskontor og lærebedrifter.
Stryn, Stad, Gloppen, Bremanger, Kinn (nord/sør), Sunnfjord, HAFS (Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund)
Sentralbord: 57 63 70 82
E-post: rettleiingstenesta.vestland.nord@vlfk.no
Besøksadresse: Sophus Lie veg 1, 6770 Nordfjordeid og
Firdavegen 6, Concordbygget, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Ta kontakt med rådgjevar for å avtale rettleiing.
( Høyanger, Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal, Aurland, Voss Herad, Vaksdal og Eidfjord)
Sentralbord: 57 63 82 05
E-post: rettleiingstenesta.indre.vestland@vlfk.no
Besøksadresse: Sogndal vgs., Lunnamyri 2, 6856 Sogndal,
Voss gymnas, Gymnasvegen 5, 5700 Voss og
Årdal vgs., Farnesvegen 5, 6884 Årdal
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Ta kontakt med rådgjevar for å avtale rettleiing.
Sentralbord: 55 53 91 30
E-post: rettleiingstenesta.bergen.nord@vlfk.no
Besøksadresse: Myrdalsvegen 22, 5130 Nyborg
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Ta kontakt med rådgjevar for å avtale rettleiing.
Du kan ta kontakt med PPT lokalt dersom du f.eks. synest det er vanskeleg å finne deg til rette som lærling.
Ifølge opplæringslova har du same tilgang til pedagogisk-psykologisk teneste som elevar i vidaregåande skule. Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) kan hjelpe deg på forskjellige måtar. Her kan du få samtaler med kyndige fagpersonar rundt vanskelege spørsmål, eller PPT kan hjelpe deg til å finne frem til den rette samtalepartneren. Dersom det er behov, kan lærlingar få hjelp fra PPT til å få tilrettelagt opplæring på arbeidsplassen. I enkelte tilfelle kan også PPT hjelpe til dersom det skulle bli problem mellom deg og lærebedrifta.
Fylkeskommunen har i tillegg eige elev- og lærlingombod, som bl.a. er tilsett for å svare på spørsmål om dine rettar og plikter, tale di sak eller kunne fungere som brubyggar mellom deg og bedrifta. Ombodet har taushetsplikt, og jobbar stort sett uavhengig av fagopplæringskontoret eller fylkesadministrasjonen. Du finn meir informasjon om ordninga i ditt fylke ved å gå inn på fylkeskommunens nettsider. https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/hjelp-i-skulekvardagen/elev–og-larlingombodet/