ORG
974483874 Fagopplæring Elektro
882758362 NHO Elektro Sogn og Fjordane
Firdavegen 6
6800 FØRDE
Concord
Kvifor elektrofag?
Satsar du på elektrofag kan du bu og jobbe i alle bygder og byar
Korleis få læreplass
SØKE I LÆREBEDRIFT
Etter to eller tre år i skule er det tid for å søke læreplass, alt etter kva fag du har tatt.
Du kan begynne læretida allerede etter VG1 dersom du har ei lærebedrift som gjer dette.
Du må ta alle gjeldande eksamen i løpet av læretida, men får begynne tidlegare med den praktiske læretida.
Du leverar søknad direkte til bedrift, det må vere ei godkjend lærebedrift.
Det kan vere lurt å bli kjend med relevante bedrifter allerede i YFF faget på skulen.
Begynn å søke tidleg siste vårsemester, og vis gjerne initiativ ved å møte opp personleg, eller ringe bedriftene.
Når ei av våre medlemsbedrifter har funne seg ein lærling tar dei kontakt med oss i Fagopplæring Elektro.
Rettigheter
Dei som har fullført grunnskulen eller tilsvarande, har rett til vidaregåande opplæring. Det same gjeld for personar som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjent opplæringa som studie- eller yrkeskompetanse i Noreg. Dette står i opplæringslova § 5-1.
Etter fylte 24 år har ein rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Personar mellom 19–24 år kan velje om dei vil ha opplæring organisert for elevar eller vaksne.
Dei som har fullført grunnskuleopplæringa eller tilsvarande, men som ikkje har studiekompetanse eller yrkeskompetanse frå før, har rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Dette står i opplæringslova § 18-3.
Fram til studie- eller yrkeskompetanse
Retten til vidaregåande opplæring varer fram til oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse, uavhengig av kor lang tid ein brukar på å oppnå dette. Studiekompetanse betyr at ein oppfyller vilkåra for å få vitnemål med generell studiekompetanse. Yrkeskompetanse betyr at ein har eit fag- eller sveinebrev, eller har bestått yrkeskompetanse. Dette omfattar òg praksiskandidatar, som ikkje oppfyller krava til vitnemål. Dei som har oppnådd sluttkompetanse på eit lågare nivå, til dømes praksisbrev, har framleis retten i behald.
Når ein har rett til opplæring fram til oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, inneber det at ein har rett til den opplæringa som er nødvendig for å bestå den vidaregåande opplæringa ein er teken inn på. Retten gjeld ikkje fag som allereie er bestått. Dei som ønskjer å forbetre karakterane sine, må gjere det som privatist.
Elev- og lærlingombodet jobbar for at du som er elev, lærling eller lærekandidat får oppfylt rettane dine i skule eller på læreplassen.
Opplæringslova gjeld for alle offentlege skular i Noreg, og har eige kapittel om vidaregåande skular og fagopplæring.
Ein lærling er under opplæring samtidig som han er arbeidstakar, derfor gjeld òg arbeidsmiljølova.
Dersom lærekontrakta di er godkjend av Vestland Fylkeskommune kan du søke stipend og lån av Lånekassen.
Oppmelding til eksamen
Alle lærlingar som har restteori og skal ta eksamen i løpet av læretida skal melde seg opp på Privatistportalen.
Her loggar du deg inn på din private profil, melder deg opp og får sjå eksamensresultat når sensur er klar.
Høst
Fra 1. september 2024 kl. 00:00 til 15. september 2024 kl. 23:55
Fra 15. januar 2025 kl. 00:00 til 1. februar 2025 kl. 23:55
Dersom du har spesielle behov eller ulike vanskar/funksjonshemningar som gjer det naudsynt med særskilt tilrettelegging av eksamen, klikk her.
Fagprøve
For våre lærlingar er det vi i Fagopplæring Elektro som står for oppmelding til fagprøva.
Vi melder opp alle lærlingar seinast fire månadar før lærekontrakta går ut.
Vi melder dykk opp til Vestland Fylkeskommune, som må godkjenne oppmeldinga. Dette kan ta noko tid.
Krav om bestått teori må vere ok for at oppmelding skal bli godkjend.
Oppmeldinga blir sendt vidare til prøvenemnda, som tek kontakt med lærlingen, og/eller lærebedrifta for å avtale gjennomføring av fagprøva.
Tilrettelagt fagprøve?
Dersom du har behov for tilrettelagt fagprøve tar du kontakt med oss, så hjelper vi deg med dette.
Vi må ha beskjed om dette tidleg i læretida, seinast 6mnd før læreslutt.
Du må ha ei sakkunnig vurdering som er skrive etter at du starta på vidaregåande. Om du ikkje allereie har ei sakkunnig vurdering kan du kontakte PPT og avtale time for utgreiing. Informasjon om korleis du går fram for å få time til vurdering.
Eksamen + Læretid + Fagprøve = Fagbrev
Fagprøva skal gjennomførast innafor dei tre siste månadane av læretida.
Det er eit krav at du fullfører læretida di, sjølv om du tek fagprøva før læreslutt.
Fagprøva skal gjennomførast på prøvestasjon eller i lærebedrifta (eller hos kunde).
Vi har tilgang til prøvestasjonar for
Fagprøva går normalt over 5-7 arbeidsdagar, men kan variere dersom ein tar prøva i eiga bedrift/ ute hos kunde
Prøva består av fire hovuddelar:
Første dagen av prøva kjem to sensorar frå Prøvenemnda for å gjennomgå prøva med deg.
Planleggingsdel skal normalt leverast inn digitalt på slutten av første dagen.
Resten av tida jobbar du sjølvstendig med fagprøva.
Siste dagen blir brukt til vurdering, utspørjing og karaktersetjing av fagprøva.
Du kan få tre karakterar: Ikkje bestått/ Bestått/ Bestått mykje godt.
Vi arrangerer fagbrevutdeling på Skei kvar juni, då blir du sjølvsagt invitert.
Dersom du ikkje kan møte vil du få fagbrevet tilsendt i posten frå Vestland Fylkeskommune.
Du bestille vitnemål og anna dokumentasjon her.
Vegen vidare etter fagbrev
Når fagprøva er bestått og læretida er ferdig får du fagbrevet ditt på vår Fagbrevutdeling, eller i posten frå fylkeskommunen.
Dette er et verdipapir som du har med deg resten av livet.
Med fagbrevet ditt er du svært attraktiv i arbeidsmarkedet. Det er eit stort behov for elektrofagfolk i bransjen vår!
Dersom du ønsker å gå vidare på skule kan du sjølvsagt det. Både på Fagskule, Høgskule eller Universitet.
Med relevant fagbrev kan du gå på høgskule gjennom Y-vegen, uten studiekompetanse.
Automatiseringsfaget
Læreplanen for VG3: AUT03-04
Her finn du informasjon for våre lærlingar i automatiseringsfaget: PERM AUTOMATIKER VERDI 2022 LK20
Informasjon om faget/ yrket:
Dataelektronikerfaget
Læreplanen for VG3: DAT03-03
Her finn du informasjon for våre lærlingar i dataelektronikarfaget: PERM DATAELEKTRONIKAR 2022 LK20
Informasjon om faget/ yrket:
Elektrikerfaget
Læreplanen for VG3: ELE03-03
Her finn du informasjon for våre lærlingar i automatiseringsfaget: PERM ELEKTRIKER 2022 LK20
Informasjon om elektrikarfaget:
Energimontørfaget
Læreplanen for VG3: EMO03-02
Her finn du informasjon for våre lærlingar i energimontørfaget: (kjem)
Informasjon om faget/ yrket:
Energioperatørfaget
Læreplanen for VG3: EOP03-03
Informasjon om faget/ yrket:
IT-Driftsfaget
Tavlemontørfaget
Læreplanen for VG3: TAV03-03
Her finn du informasjon for våre lærlingar i tavlemontørfaget: (kjem)
Informasjon om faget/ yrket:
Telekommunikasjonsmontørfaget
Læreplanen for VG3: TEL03-02
Her finn du informasjon for våre lærlingar i telekommunikasjonsmontørfaget: (kjem)
Informasjon om faget/ yrket:
Ventilasjonsteknikkfaget
Læreplanen for VG3: VEN03-01
Her finn du informasjon for våre lærlingar i ventilasjonsteknikkfaget: PERM VENTILASJONSTEKNIKKFAGET 2022 LK20
*video kjem*
Læreplan i ventilasjonsteknikkfaget
Vg3 ventilasjonsteknikkfaget handlar om arbeid på ventilasjonsanlegg, produkt, energiløysingar og metodar for komfortkjøling.
Faget handlar òg om tekniske og energieffektive klimaløysingar for å oppnå godt inneklima og god folkehelse. Vidare handlar faget om å utvikle sjølvstendige fagarbeidere for å møte arbeidslivet sitt behov for omstilling og samfunnet sine krav til funksjonelle, bærekraftige og sikre ventilasjonssystem. Les meir.