ORG
974483874 Fagopplæring Elektro
882758362 NHO Elektro Sogn og Fjordane
Firdavegen 6
6800 FØRDE
Concord
Dagleg leiar i opplæringskontoret Bjarte Heggheim, seier at det er grunn til å tru at dette og gjeld lærlingar med resteori vg3. Etter koronautbrotet har det ikkje vore gjennomført lærlingsamlingar i regi av OFEL, desse vurderer vi no å starte opp igjen.
Vestland fylkeskommune skriv på sine heimesider at det frå 27. april vert det opna for at elevar innan yrkesfag på Vg3 og eventuelt også på Vg2 skal få undervisning på skulen.
Situasjonen med spreiing av koronavirus har konsekvensar for gjennomføring av fag- og sveineprøvar. I mange bransjar og fag er det ikkje mogleg eller forsvarleg å avvikle prøvar, medan det i andre kan gå heilt fint. Vestland fylkeskommune har bestemt å opne for gjennomføring av fag- og sveineprøvar der det er mogleg frå og med fredag 26. mars.
Prøvenemndene må i kvart tilfelle vurdere i samråd med prøvestad og kandidat om det er mogleg og forsvarleg å gjennomføre prøven. Gjeldande nasjonale føringar for smittevern skal alltid vere ein del av denne vurderinga.
Det er ein føresetnad at alle som skal vere til stades på prøven må vere heilt friske og at prøven kan gjennomførast i tråd med nasjonale føringar for smittevern. Prøvenemndsmedlemmane må vere fysisk til stades på prøven, det finst diverre ingen heimel for å gjennomføre prøvar digitalt via skype eller liknande.
Om medlemmane i prøvenemndene sjølve er hindra frå å gjennomføre prøvar fordi dei til dømes er i karantene, har omsorgsoppgåver for born som ikkje går i skule eller i barnhage, eller at arbeidsgjevar ikkje har moglegheit til å gi fri, må prøven utsetjast. Det same gjeld om medlemmane i prøvenemndene anten sjølve er i risikogruppa, har ein samfunnskritisk funksjon, eller er hindra av lokale reiserestriksjonar.