Utdanningsmesse og Yrkes-NM til Førde

Frå norgesmesterskapet i Telekom og Elektrofag i vår.

GRATIS PROGRAM: Utdanningsmessa vert arrangert parallelt med Yrkes-NM, og er eit unikt høve til å gi elevane informasjon om dei ulike utdanningsprogramma. (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik / Vestland fylkeskommune).

GRATIS PROGRAM: Utdanningsmessa vert arrangert parallelt med Yrkes-NM, og er eit unikt høve til å gi elevane informasjon om dei ulike utdanningsprogramma. (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik / Vestland fylkeskommune).

Yrkes-NM i Førde

Vestland fylkeskommune, Worldskills Norway og lokale opplæringskontor inviterer til Utdanningsmesse og Yrkes-NM i Førde, 1.– 3. april 2025.

Tilbodet er for alle elevar på 9. og 10. trinn, og VG1- og VG2-elevar på yrkesfagleg utdanning. Dette er første gong Yrkes-NM og utdanningsmesse vert arrangert i Førde, og første gong Yrkes-NM blir arrangert utanfor dei store byane.

Yrkes-NM er eit nasjonalt meisterskap i yrkesfag, der deltakarar frå heile landet konkurrerer i over 20 ulike fag innan yrkesfag. Vinnarane får den ettertrakta tittelen som noregsmeistrar, og kvalifiserer seg også til internasjonale meisterskap som Yrkes-EM og Yrkes-VM.

Utdanningsmesse og rådgjeving

Utdanningsmessa vert arrangert parallelt med noregsmeisterskapen. Her kan elevane bli betre kjent med ulike yrkesfaglege utdanningsprogram. Bedrifter, fagskular, høgskular og lokalt næringsliv vil vere til stades for å presentere seg sjølve og yrka dei representerer. Dei kan svare på spørsmål, og gi råd til elevar som vurderer vidare utdanning.

– Utdanningsmessa er ein unik arena der elevane kan møte fagfolk og lære meir om yrka. Her får dei høve til å stille spørsmål direkte til dei som faktisk jobbar i bransjen, og få ei heilskapleg oppleving av kva yrkesfaga har å tilby, seier Randi Marie Ringstad, fagkoordinator i Vestland fylkeskommune.

Får prøve yrkene

På utdanningsmessa får elevane også prøve seg i forskjellige yrker gjennom praktiske oppgåver. I tillegg kan dei sjå og lære av lærlingar som stiller i konkurransane.

– Vi vil at dei skal få ein sjanse til å utforske ulike utdanningsløp og karrieremoglegheiter på ein praktisk og engasjerande måte. Målet vårt er å gi ungdommar dei verktøya dei treng for å ta gode val for framtida, seier Ringstad.

Gratis transport

For å sikre at alle elevane i fylket kan delta, skal fylkeskommunen tilby gratis transport. Det vert sett opp ein besøksplan, slik at alle skular får tildelt sin besøksdag. Skulane vil motta informasjon om kva dag dei skal delta, når programmet er klart.

LE MEIR HER…: Kjelde, Av Andreas C. Kjærland, vlfk.no