– Å være kvinne er ikkje noko hinder

97 av 100 elektrikarar er menn, men ifølgje elektrikar Thea Sætre Bergset er det ingen grunn til å frykta eit mannsdominert miljø. Sjølv gjorde ho heilomvending i yrkeslivet, og elektrobransjen skrik etter at fleire gjer som henne.

Kjelde: NHO Elektro

Statistikken er tydeleg og på mange måtar nedslåande: ifølgje SSB er berre drygt tre prosent av alle elektrikarar kvinner. Samtidig veit vi at det er eit stort behov for fleire fagarbeidarar i elektrobransjen, og dette behovet vil berre forsterka seg i åra som kjem. Det løftar vi fram i Veikart NHO Elektro.

Det var rett nok ikkje derfor Thea Sætre Bergset (30) bestemde seg for å bli elektrolærling då ho var 22 år gammal.

Ho jobba då som personleg trenar i Oslo, men opplevde at det var lite betalt for mykje strev. Då ho ein dag sat på eit busstopp og så ein traktor køyra forbi, fekk ho plutseleg over seg sakna etter det handfaste og nevenyttige gardslivet ho var vakse opp med. Vidare byrja tankane å spinne på om det var nettopp det ho trong – ein konkret, handfast jobb som kunne gi henne meir tilbake for innsatsen ho la ned.

Derfrå var vegen kort til god hjelp hos Nelfos opplæringskontor for elektrofag i Oslo, før den gjekk vidare til å bli voksenlærling. I 2020 kunne ho slå i bordet med fagbrev og fast jobb som elektrikar. I eit mannsdominert yrke, rett nok, men det er ikkje noko Thea har opplevd som problematisk, verken før ho tok valet eller etter at ho vart elektrikar.

– Eg er vand til å jobbe med menn, og har heilt ærleg ikkje tenkt så mykje over at det er mannsdominert. Der eit yrke som passar like godt for menn som for damer, og det er absolutt ikkje noko hinder å vera dame, fortel Thea i dag.

Treng fleire som Thea
Theas val om å gå ein ny karriereveg er med på å redusere mangelen på folk i norske elektrobedrifter. Og bransjen treng utan tvil at fleire jenter og kvinner gjer som Thea.

Ved Opplæringskontoret for elektrofag i Sogn og Fjordane har dei teke grep for å møte denne problemstillinga. Derfor har dei oppretta nettverket Jenter i Elektro SF, som har som formål å rekruttere jenter og kvinner til yrket og å leggje til rette for at dei trivst på jobb.

– Vi har halde på med dette nokre år, og eg opplever ein optimisme for denne problemstillinga i resten av landet òg. Vi får telefonar frå heile landet; alt frå Oslo, til Nelfo Nord, Buskerud, Romerike og Møre, som ønsker å utveksle erfaringar, fortel Lisa Marie Mo ved Opplæringskontoret for elektrofag i Sogn og Fjordane.

Ho fortel vidare at terskelen bør vere låg for å ta tak i problemstillinga.

– Det er mange som tenkjer at ein må vere kvinne sjølv for å gjera noko med det, eller at ein treng å ha mykje kunnskap om det. Men ein treng ikkje gjere det så komplisert, alle kan ta tak i det med dei ressursane ein har, seier Lisa Marie.

Korleis leggje til rette?
Ein viktig del av jobben med nettverket, er òg å rettleia bedriftene i området på kva dei kan gjera for å leggje til rette for at kvinner trivst på arbeidsplassen. Mellom anna har opplæringskontoret gjennomført ei spørjeundersøking blant kvinner i elektrofaga, og invitert bedriftene inn for å diskutera svara med dei.

– Då er vi innom fleire tema, til dømes heilt praktisk enkle ting som å sørgja for å ha små nok hanskar tilgjengeleg eller eigne jentegarderobar. Ting som eg meiner bør vera sjølvsagt at alle bedrifter har, fortel Lisa Marie.

Det er òg viktig å jobba for å unngå seksuell trakassering på arbeidsplassen. Lisa Marie fortel at ho veit om kvinner som har opplevd seksuell trakassering på jobb, og at dette er ei veldig relevant sak å adressere overfor bedriftene.

– Dette er veldig viktig å diskutere med bedriftene. Nokon er ærlege og tør å stille dei «dumme spørsmåla», som til dømes kva seksuell trakassering faktisk er. Det er kjempeviktig å snakka om, og eg opplever at mange bedrifter er fremoverlente når det gjeld dette.

I undersøkinga som vart gjord i nettverket, kom det fram at under halvparten visste om at bedriftene har varslingsrutinar. Det kan tyde på at det må informerast betre om det til alle tilsette, slik at alle tilsette veit kva dei skal gjere dersom dei opplever noko sjølv, eller dersom dei ønskjer å varsle på kollegaers vegner.

– Positivt overraska
For Thea var det, som nemnt, liten tankeverksemd knytte til det å gå inn i eit mannsdominert yrke. Innimellom blir ho likevel gjort merksam på det gjennom kundemøte, men ikkje på negativt vis.

– Det er ofte vi er hos kundar som blir litt overraska over at det kjem ei dame, men då er dei overraska i positiv forstand. Då blir eg jo obs på at det er litt unormalt, men eg opplever det som sagt som positivt unormalt, seier Thea.

I Tussa Installasjon avd. Stryn er ho og éin voksenlærling dei einaste kvinnelege blant dei 12 tilsette. Ho oppmodar andre kvinner til å ta sjansen dersom dei lurer på eit karrierebytet.

– Viss du trivst med konkret arbeid og problemløysing, så er elektro noko for deg. Då er det berre å køyre på!