Vårsamling 2022
ORG
974483874 Fagopplæring Elektro
882758362 NHO Elektro Sogn og Fjordane
Firdavegen 6
6800 FØRDE
Concord
Vårsamling 2022
Det kom 25 (!!) like og ulike jenter, både kjende og ukjende.
Der var elektrikere, automatikere, dataelektronikere, telekommunikasjonsmontørar og energimontørar (inkludert ei 58 år ung dame som framleis arbeider som energimontør????!!).
Der var lærlingar, ingeniører og daglege leiarar.
Der var vidaregåandeelevar frå både Sunnfjord, Nordfjord og Sogn.
Jenter i elektro frå 16 til 58år, spekka med kompetanse, samla i eit rom -ei gåvepakke til bransjen vår!
Det vart champagnebrus og mingling, vi vart betre kjend, vi åt knallgod pizza, frukt og bollar. Heidi Lie kom heilt frå Bergen og introduserte oss for kven Montørjentene er, og kva dei arbeider med.
Vi brukte tid på å diskuterte viktige og alvorlige tema, som garderobeproblematikk, trakassering og varsling -men brukte mesteparten av kvelden til å lære meir om kvarandre, og le høgt av gode historier og morsomme innslag frå jentene.
Tusen takk for denne gong, eg gler meg til neste samling????