Skulebesøk
hjå 8. og 9. klasse på Sande skule og Vassenden skule
hjå 8. og 9. klasse på Sande skule og Vassenden skule
Vi i OFEL har vore så heldige å få besøke Sande skule på torsdag og Vassenden skule på fredag denne veka.
Vi samla 8. og 9. klasse og fortalde om dei fantastiske moglegheitane som kjem med yrkesretta utdanning.
Denne elevgruppa skal ta eit skuleval om eit til to års tid, så vi håpar at dagane har vore lærerike og nyttige for dei.
Vi var ikkje aleine: våre kjekke kollegaer i bygg-, anlegg- og transportfag stilte alle med store og flotte praktiske øvingar som elevane fekk bryne seg på. Med god hjelp frå engasjerte lærarar fekk vi koordinert elevane i kohortar rundt på stasjonane.
Vårt bidrag var programmering og køyring av Coboten til Ulvesund Elektro som stiller trufast opp for spent ungdom, det vart ein suksess!!
(Sivert, takk for telefonstøtte i panikksituasjonar, du er rå).
Bravida var villige til å låne oss, ikkje berre ein, men to lærlingar for å snakke med ungdommen og hjelpe dei med roboten.
Tusen takk for ein fantastisk jobb, shout-out til Joakim og Magnus!
Det var stort engasjement blant elevane, dei fulgte med på instruksar og samarbeida godt når oppgåva skulle løysast. Dette gav resultat! Kvar gruppe klarte å lage eit komplett program før dei fekk leike seg litt med dei utrulege bevegelsane til denne fantastiske roboten.
«Kva fag er dette??!!» var det ein som braut ut etter å ha meistra programmeringa, dette gav meirsmak!
Altså, kvar dag i OFEL er ein kjekk dag, men slike event set vi ekstra pris på. Vi kjem gjerne att.
Joakim er lærling hjå Bravida, Førde.
Magnus er lærling i Bravida, Førde.